Mai 2010

Skodde

2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?

Ikkje at det var på grunn av finanskrise eller presidenten i USA. Men ein fredags kveld no i april fekk eg meg ein skikkeleg kipp. Ja, eit skikkeleg sjokk faktisk.

SJOKK

Eg snakkar om ei sjokkerande oppleving ein fredagskveld i slutten av April 2010. SKRUK var i opninga av ein helge-turnè og vi skulle starte denne kvelden i Oslo, med ein konsert i Kulturkirka Jacob og med påfølgjande turnè i austlandsområdet dei neste dagane. Konserten denne fredagskvelden skulle starte kl. 21, med førebuing og prøver frå kl. 19:00

Rett før helga hadde eg oppdaga at annonsene i Vårt Land ikkje hadde fått med denne konserten i Jacobskirka. Dette var ein viktig konsert for oss, så eg prøvde å purre pr-ansvarleg i Skruk for å tipse han om glippen, men eg kom ikkje gjennom på telefonen.

Tidlegare på ettermiddagen denne fredagen, hadde eg site heime hos Erik Hillestad og diskutert eit spennande turnèopplegg for Skruk til mai neste år. Møtet drog ut, og då klokka nærma seg halv sju begynte eg å bli rastlaus med tanke på konserten og for prøvene som snart skulle ta til. Men Erik hadde mykje på hjartet og fekk meg til å forlenge møtet enno litt… Til slutt måtte eg berre stresse av garde for å nå prøvene i Jacobskirka.

Då eg parkerte utanfor kirka, slo det meg at der var så stille. Vanlegvis plar fleire Skrukarar stå og henge utanfor inngangen fram til øvinga startar. Denne gongen var det kun formann Trygve som stod der.

Eg merka meg at han hadde kvit skjorte og svart dressbukse. Det var også uvanleg – til å vere han.

Merkeleg.

Vel, ikkje meir grubling rundt det – han hadde sikkert piska koret på plass slik at vi kunn begynne presis. No stod han sikkert her for å ta meg, som kom slik i seinaste laget.

Eg leita fram notemappa, justerte hovud og antenner for øving og følgde han inn.

Lyset var tydelegvis rigga opp allereie, for då vi kom inn, måtte eg myse for å skimte nokre av koristane. Av alle ting så hadde dei stilt opp – ute i rommet – og mot koret i kirka, der Lars Trygve og eg kom inn.

”Hurra for deg som fyller ditt år!! ”

Det braka laust. Eit enormt kor-brus slo meg nesten i bakken.

Jau då, det var bursdagen min. 60 års dag for å vere presis. Men dette!?

Bursdag

Her måtte det då vere fleire enn SKRUK i rommet, med denne lyden – og dette trøkket.

Og då høyrde eg kirkeorgelet.

Kor og orgel brusa om kapp og eg skimta Henning Sommerro borte ved orglet. Gjennom det sterke motlyset – skimta eg tre kulturmixarar – og der, der var jammen Helge frå gutedagane også. Langbord med nydeleg oppdekking. Ballongar under taket.

Og der var forsyne meg gode gamle Rob W, – fjellkoristar frå 80 og 90-talet – og han Steinar var komen eins ærend frå Arenal. Gode og kjære vener frå forskjellege perioder i livet. Golvet begynte å gynge, magen gjorde rundkast og augene kobla om frå vidvinkel til tunnellsyn. Erik som eg nettopp hadde sagt hadet til stod og gliste borte i ein krok.

Tunellsynet mitt oppdaga etter kvart den eine gamle, og så den andre nye kjenningen. Og enno før eg heilt skjøna kva som var i gong, kom Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutteé brasande inn i det heile. Puh! For ei mottaking! For ei overumpling og for eit program det vart denne kvelden! No forstod eg kvifor Skruk-konserten i Jacobskirka hadde ramla ut av annonsa i Vårt Land. Og eg som hadde reklamert så hardt for denne konserten i Jacobskirka på forrige korseminar i Oslo.

BursdagsfeiringHelga Botn og Magne Fremmerlid – gamle Skrukarar som seinare har gjort karriere som operastjerner, hadde ei herleg oppvisning. Bjørn med vokalgruppa si King Kong Singers song så vedkjømeleg vakkert at gåsehuda for som godversgræler nedetter ryggen på oss som fekk høyre på. Kulturmixararane stilte opp med ei rørande framføring av Venskap og påfølgjande varme helsingar. Bernt Erik og Terje i duett med piano og gitar Ein kan bli varm både her og der av mindre.

Så konsert vart det i Jacobskirka denne kvelden likevel, men ikkje slik eg hadde tenkt. Her var det artige videohelsingar, skamlause talar og eit matbord som gjorde kvelden til eit einaste stort smil. Tidlegare formann i Skruk gjennom fleire ti-år, Kjetil Hjelset var kjøkmeistar og kalla fram artige og gode minner som sette det heile i rette Skruk-stemninga.

Eg skal vedgå at eg har bore på eit lite vemod med tanken på det å bli 60 år. Men denne kvelden vart eg skamfull merksam på at det var feil fokus. Det eg skulle bere i meg, var i sjølsagt takksemd for den fantastiske familien, dei vennane og det privilgerte livet eg har vore velsigna med i alle desse åra.

På neste side for 2010 som kjem om ikkje så lenge, vil der følgje ei lita kavalkade av bilder frå denne fantastiske festen.

Så til 2009

2009 starta på same måten som dei gjorde 2008 og 2007; med nyttårskonsertane til Sunnivakoret . Og koret blir berre betre og betre. Denne gongen var det Stranda som vart lagt for koret sine føter igjen.

EIT NYTT KOR BLIR FØDT

Kulturmixkoret møttest for første gong i Oslo 20 -22 januar. Ideen hadde eigentleg sveva mellom nokre personar ei stund, og no var vi ein gjeng som bestemte oss for å prøve om dette kunne vere liv laga. Interessa viste seg å vere stor. Godt oppmøte på første samling, og etter fleire samlingar gjennom 2009 og no i 2010 er vi ca 130 registrerte medlemmar.

Dette er koristar som kan tenkje seg å bli med på Kulturmixreiser før eller sidan, og som elles likar å ha ein plass å møte andre korentusiastar frå heile Norge, Sverige, Danmark og Finland – tre til fire gongar i året.

Kulturmixkoret er fødd!

Appropos Kulturmix, så vart det ingen tur denne vinteren. Vi hadde eit nytt forsøk på Kenya, men måtte dessverre legge det på is. I staden vart det som vanleg for min del, korseminar i helgane heime i Norge. Og det er jo kjekt det også.

EIN FØDSEL TIL

1.mars skjedde det store underet igjen. Då vart eg bestefar for andre gong. Julia Maria vart fødd. Nydelege Julia Maria! Fantastisk. Bestefar til to nydelege jenter.

Barnebarn

IRAN

Iran

I mars fekk eg også oppleve Iran for første gong. Denne turen var eg med Erik Hillestad, som alt hadde vore der fleire gongar. I Teheran møtte vi den Iranske artisten og komponisten Maza, som vi skal ha eit samarbeid med i Skruk.

Den store poeten Hafez er ein av Iranarane sine mest elska diktarar og store stoltheit. Maza som har vokse opp med det persiske språket og Erik, arbeider saman med omsetting av Hafez-dikt. Maza lagar også melodiar til Erik sine gjendiktingar. Dette skal bli CD – og bok.

I slutten av Juli 2010 vil SKRUK starte med innspelingane av dette stoffet i Volda kyrkje. Maza frå Theran blir saman med oss, og Tord Gustavsen som er involvert som arrangør har sett saman eit ensemble for innspelinga. Erik Hillestad vil som så ofte før for Skruk sin del, vere produsent.

Verket skal dessutan urframførast på Kirefestspillene i Kristiansand i midten av August 2010.

Hafez si grav

Eit av høgdepunkta då vi vitja Iran var besøket ved Hafez si grav i byen Shiras. Kvar dag året rundt, står der køar av folk utanfor mausoleet til Hafez, denne poeten som har betydd så mykje for fleire generasjonar Iran og folk i nabolanda rundt Iran. Dei står i kø for å sleppe inn så dei kan røre ved gravsteinen til poeten. Fleire har med seg bøker av Hafez som dei står og les frå – for seg sjølv, eller for kvarandre. Nokre gret. Der er ei heilag atmosfære av ro og verdegheit.

REQUIEM

I Juli vart det ei effektiv og arbeidsom sommarsamling for SKRUK. Denne sommaren var samlinga lagt til Arendal, der vi saman med Tord Gustavsen og hans band skulle uroppføre Tord sitt bestillingsverk Requiem. Konsertstaden var nydelege og stemnings-fulle Arendal gravsted. (bildet er frå konserten) No ser vi fram til å framføre Requiem på Olavsdagane i Trondheim i 2010

Requiem

I tillegg til å innstudere dette hadde vi besøk av Carver S. Davenport som hadde med spirituales frå New Orleans. Dette stoffet skulle bli ein CD i August.

Etter ei sterk oppleving med Requiem i Arendal stod sommarens Kulturmixreise for tur.

KULTURMIX – KROATIA

På denne sommarturen for Kulturmix var vi 47 kulturmixarar som drog avgarde. Det starta med fly frå Gardermoen og Stockholm til Budapest. Her vart det tid til nokre ekspedisjonar rundt i Budapest sin steikende sommarvarme og enkelte fekk også med seg spa-opplevingar. På kvelden hadde vi leigd eigen elvecruise-båt og fekk eit stemningsfullt cruise på Donau med full middagsbuffet, før vi neste morgon sette oss på bussen og køyrde mot Kroatia.

kroatia

Målet var ein koseleg fiskarlandsby ved Opatia. Herr gjekk dagane med til bading, båttur og korøvingar. Vi avslutta Kroatiabesøket med ein sommerstemt utekonsert på plazaen midt i ein intim fjellandsby.
Konserten var i regi av ein sommerfestival som var akkurat då. Responsen vi fekk var overveldande. Vi måtte skuffe fleire publikumarar som kom for å kjøpe CD’ar.

Etter ei knapp veke i Kroatia, sette vi oss på bussen igjen med kurs for Budapest, for å ta ”Orientekspressen” til Praha der vi avslutta dette årets sommartur for Kulturmix.

Sjøl med busskøyring i meste laget for ei dryg veke å vere, vart det ein fin tur med ein saman sveisa og humørfylt gjeng og med nye bekjenskap.


Kroatia, utekonsert på plazaen

SKRUK


Skruk

I August var det plateinnspeling for Skruk igjen. Denne gongen ein acapella CD med tittelen Starry Crowns in Heaven. Repertoaret var spirituals og hymner, hovudsakleg komponert eller arrangert av Moses Hogan frå New Orleans.

KULTURMIX PERU


Amazonas

Denne gongen hadde vi bestemt oss for å ta med Amazonas i tillegg til Maccu Piccu og Lima. Og det vart ein ny og nydeleg tur igjen til Peru, med spektakulære naturopplevingar og møter med nye koristar i Peru i tillegg til gamle kjente frå forrige tur.

Det er moro å sjå kor godt den nordiske klangen slår an i dette landet. Kulturmixarane hadde meir enn nok å gjere etter konsertane med å stille opp for bilder og autografer.

Øving i Amazonas


Øving i Amazonas

I Amazonas budde vi på nydelege Eco Amasonic Lodge. Der overnatta vi i hytter som stod på påler, og hadde korøvingane og måltida i lokaler ved elva.

Det er rart kva ein rekk å få med seg på tre dagar, som vi hadde i Amazonas. Båtturer og krokodillesafari på natta, besøk på ei ape-øy, fisketur etter Piraya med påfølgande bading for dei modigaste var berre litt av det. Og så korøvingane då. Vi måtte jo forberede oss skikkeleg til vi skulle møte koristane på Lima Universitet.
På denne turen var vi færre enn “normalt”. Så derfor la vi ekstra mykje arbeid ned i øvingane slik at vi skulle kjenne oss mest mogleg trygge til vi skulle møtte koristane frå Lima mot slutten av turen.


Amazonas

Dirigenten Mr. Israel Olaya som no var nyutnemnd dirrigent for Peru Operakor, var Kulturmix sin dirigent denne gongen også. Og det vart to flotte konserter, saman med medsongarane våre frå Lima. Ein konsert på Lima Universitet, og ein konsert under ein kongress på det Medisinske Fakultet i Lima.


Avslutningskonser, Lima Universitet

Etter to veker med naturopplevingar, mixing og eigne øvingar, var eventyret over og vi måtte sette nasen heimover. Bildet over er frå avslutningskonserten til Kulturmix i aulaen på Lima Universitet.


ENNO EIN FØDSEL OG JULEKONSERT PÅ GRAN CANARIA

I November føddest enno eit korprosjekt. Dette var ein idè som nokre personar i Hardanger hadde gått svanger med ei tid; nemleg å opprette Hardangerkoret. Over 100 stk møtte opp. Så det skal bli spennande å sjå kva som kan by seg for dette koret framover.

Siste helga i November var det jule-korseminar på Gran Canaria. Koret på sjømannskirka, og koret til Den Norske Klubben hadde slått seg saman og arrangert korseminar med påfølgjande advent / Jule-konsert. Fantastisk triveleg og med eit oppmøte til konserten som gjorde at ca 1000 stk kom ikkje inn i kirka, som var stappa med 800 publikumarar. Geir Knutsen i Radio Noruega og Bjørn Jørgensen gjorde opptak til ein CD, der intektene frå salget gjekk til dei av lokalbefolkninga som slit og manglar både mat og arbeid som resultat av mellom anna finanskrisa.


Desember

Siste korseminar i 2009 vart avslutta den 20 desember med konsert i Indre Arna kirke saman med eit flott kor, og som viste seg å vere eit nytt og triveleg bekjentskap.


God Jul

…og det vart ei god Jul.

Skrevet av Prots

Våren har kome til Volda

Våren har kome til Volda

Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.

Og 2008 gav meg ein litt nærvepirrande start.
Eg hadde rydda plass og budd meg på fleire jobbar for Rikskonsertane med «Hele Noreg synger» denne våren. Men så, rett før årsskiftet vart der endringar i timeplan og programform slik at jobbane for våren plutseleg var borte. …litt nærvepirrande for ein freelancer som var van med å ete seg mett kvar dag. Men slike endringar skjer innimellom og ingen skal klansdrast i dette tilfellet. Vil ein vere med på leiken må ein tåle steiken som det heiter. Dette gjeld også for oss som har valgt jobbe som freelancerar.

Vår i VoldaDet viste seg etterkvart at det ikkje var så dumt heller; å bli tvinga til å senke tempoet for ei periode. Sjøl om eg elska å vere på tur både med korseminar og saman med den flotte gjengen frå Rikskonsertane, så hadde det gått litt fort i svingane siste året. Når ein sjøl så ikkje har vett nok til å stoppe opp inn i mellom, så får vår Herre (eller kven det no var denne gongen) gripe inn slik at det skjer.

Og der vart eit pusterom som gjorde berre godt. Eg fekk samla tiltrengte krefter og kunne nyte desto meir av dei jobbane som fortsatt stod på programmet.

Heldigvis, det vart ingen jobbtørke!


CUBA

Ein av desse var å delta på konferansen ”Energiserende ledelse 2008” med KLM-Lahnstein & Kjærre. Konferansen som var lagt til Havanna og Trinidad på Cuba gav verkeleg påfyll med både energi og kunnskap.

Lady på turProfessor Harald Knutsen er ein kunnskapsrik og fengslande foredragshaldar, som veit korleis han skal skjenke frå sitt overflods horn.

Og Cuba med Havanna og Trinidad er berre uimotståelege. Det er som å kome tilbake til ei anna tid.
Sjøl om der er trangt om både mat og medisinar, så har Cuba klart å bygge eit like godt helsevesen som Norge. Ganske utruleg!

Havana gatebildeOg her kling det av levande musikk i nesten kvar en restaurant. Her spelar og syng dei akkustisk til og med, og har ikkje gjort seg avhengige av ledningar og mikrofonar for å bli høyrde enno.

På trass av kummerlege forhold verkar det likevel ikkje som om Cubanarane har gløymt kunsten å nyte livet. Oppe i all sin fattigdom har den jamne Cubaner likevel ei verdigheit og sjøltryggheit og eit sosialt overskot som er imponerande.
Det skal bli spennande å sjå kva som skjer no framover med Cuba, når USA begynner å slakke på blokaden. Kanskje blir det eit tap for oss turistane, men eit betre liv for den jamne Cubaner… Det er ialle fall ei herleg øy, og herlege folk!!

Og obs – obs!! Vi planlegg ei ny Kulturmix-reise dit i Februar 2010. Så det er berre å begynne å spare, for å hive seg med.

Fresa y ChocolateKulturmix

Appropos Kulturmix: Ein av dei store «dettane» i 2008 var at vi måtte avlyse turen til Kenya i påska. Vi hadde eit bra opplegg og var rimeleg optimistiske for turen, men med auka flyskattar og auka prisar på sjølve programmet i Kenya, vart vi dessverre for få til at vi kunne dra.

Dette beklagar eg sterkt til alle dykk som hadde meldt dykk på og som satsa på at det skulle bli tur.

Eg håper likevel at de ikkje tok skrekken for nye Kulturmixreiser på grunn av dette.

TALLINN

Heldigvis fekk vi eit kjempetriveleg Kulturmixtreff i Tallin, der nesten 100 stykker frå Noreg, Sverige og Finland sette møte. Her følgjer eit lite bildebrev:

Konsentrasjon i alt-rekka

Vi testar akkustikken

Kortrapp

Sang over alt

Eksotisk middag

HIT eit steg og DIT eit steg

Så vart det ein hektisk vår etter kvart – likevel.

Eg fekk møte operakoristar i Kristiansund og vere med på førebuinga til Donna Bacalao av Stig Nilsson og Frode Alnes. Operaen vart uroppført i August og viste seg å bli ein suksess. Den blir sett oppatt i år i gjen – i August.

CoverEi ny tur til California vart det også, for å gå opp løypa for neste SKRUK-turné.

Og etter landssangerfestivalen i Molde, som var eit definitivt høgdepunkt var det å springe rett frå konserten og sangerfesten til nattbussen, som tok meg til Gardermoen og flyet til Houston i Texas.

Der møtte eg Erik Hillestad berre for å dra vidare til Managua i Nicaragua for å møte artisten Katia Cardinal (Prøysen på spansk) som saman med 6 andre musikarar skulle gjere ei ny innspelinga av Misa Campesina. Misa Campesina betyr messe for bønder og vart skriven på 70-talet av Carlos Mejia Godoy. Og på denne cd`en skulle SKRUK innvolverast etter kvart. Innspelinga skulle gjerast både på spansk, og i norsk gjendikting av Erik Hillestad.

CD`en vart ferdigjort i august då Skruk spela inn korsatsane i Volda. No er den på marknaden både i Noreg og i Nicaragua. Den norke tittelen vart Messe for Kari og Ola.

Elles hadde SKRUK eit frodig år med fleire flotte turnéar. Konsertane på Olavsdagane i Trondheim og på Hareidstemna med programmet ”Dype stille sterke milde” står som nokre av høgdepunkta.

Innspeling i NicaraguaSunnivakoret hadde fleire flotte samlingar rundt om i Sogn og Fjordane, og med glitrande konsertar.

Til stor sorg for alle oss, og for svært mange som kjenner til Oddvar Stave og hans enorme arbeid for kulturlivet i Sogn og Fjordane, var det at han uventa og brått gjekk bort på hausten dette året. Det var Oddvar som tok initiativet til å starte Sunnivakoret, som består av songarar frå fleire kor i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Sjølv om han ikkje var aktiv songar i koret var han ei eldsjel og inspirator for både kor og dirigent, og han var krumtappen for markedsføringa av både koret og konsertane.

Korseminara gjekk sin gang. Trivelege gjensyn med koristar i Namsskogan, Jondal i Hardanger, Hjelmeland i Ryfylke og på Andøya for å nemne nokre. Det er ganske flott å tenkje på synest eg, at med tredve år på reisfot som farande kordirigent og seminarhaldar, så er det fortsatt like artig og spennande å kaste seg ut i eit nytt korseminar. Eg har sett umåteleg stor pris på alle dykk eg har fått møte på seminara mine. Og ei spesiell takk til dykk som har møtt opp att fleire gongar: De skulle berre vist kor inspirerande det er for meg.

KOR PÅ TOGET

Eit interessant eksperiment var det også å skulle sette saman eit kor av deltakarar på den internasjonale konferansen ”Training for Congres” som gjekk av stabelen i Bergen i august. Det som skulle vere min del av eit miniseminar vart halde på toget mellom Oslo og Bergen. Lydeknikarar og Per Arild med sitt elpiano i ei vogn, medan eg for springande mellom to vogner for å halde songen i gang …så no har vi prøvt det også. Og det likaste er at det var morro!

AZERBAIJAN

I august vart det ny tur til Azerbaijan, og nytt møte med Mr. Siyavous Kerimi, rektor ved det najonale musikkonservatoriet i Baku. Det vart gjensyn med mange gamle venner. Nokre av dei har eg kjent i snart 15 år no. Første tur til Azerbaijan for min del var i mars 1995.

Mykje har forandra seg på desse åra. Oljen har gjort underverk der på same måte som i Norge, og velstanden kjem meir og meir til syne der som her. Det vart eit gjensyn frå forrige tur med byen og folket i Lankaran også.

Lankaran

KULTURMIX NEW ORLEANS

Og så var det haustens store høgdepunkt: New Orleans! Første Kulturmix til New Orleans etter Katarina. Her vart det også gjensyn med gamle vener, og nye bekjenskap vart oppretta. Det å kunne få ha Sjømannskirka som base er berre ubeskriveleg verdifult for desse turane. Ei stor takk til heile staben der, med eit ekstra rungande hurra for Vidar som opp i alt det andre han måtte ta seg av, sto på for oss. Heile tida. Tusen takk Vidar!

Big AlDet var godt å få oppleve at New Orleans fortsatt er New Orleans.
TC var seminardirigenten vår denne gongen, og han tok oss med inn i sine lokale miljø både i kirka si og i famile- og vennekrets på ein måte som var både inkluderande og utfordrande.
Stor takk til Jan Inge Melseter også, som med sitt kontaktnett åpna dører for oss til eksklusive opplevingar, som f.eks det at songarar frå Kulturmix fekk synge saman med orkesteret i Preservation Hall. Det er det ikkje mange andre kor som kan skryte på seg.

Og sist men ikkje minst: den største takka går til vår kjære Anne for ryddig og god administrering av turen, og til heile gjengen som var med og gjorde Kulturmix New Orleans 2008 til ein sann fest!

Gruppebilde

Og OBS! OBS igjen! Vi planlegg ny tur til New Orleans hausten 2010. Då er det også planen å besøke ein Cajun-by ca 3 timars busskjøring frå New Orleans. Der er det Cajunfestival kvar laurdag. Året i gjennom. Og vi ha fått kontakt med nokre av musikarane i byen. Så kryss av i kalenderen og få det med når tida kjem.

Gode opplevingar og minner frå eit flott år blanda seg etter kvart med lyder frå finanskrise og sprikande spådomar om den økonomiske framtida for både folk og røvarar. Og med skyer i horisonten, gjekk sola ned over 2008.

Prots 24. mai 2009

Skrevet av Prots

2008

Sunnmørsalper

Sommeren og hausten 2007 har i likheit med våren vore spekka med flotte opplevingar og spennande program. Og 2008 kom før ein fekk snudd hatten. Enten kjem tida raskare no enn ho gjorde før slik mor mi påstår, eller så har eg blitt seinare på avtrekkaren. Eg håper ikkje det er gammalmannsykja som har meldt seg, men eg må innrømme at eg grur meg litt meir for kvart nyttårskifte no. Det minner meg på at eg faktisk har passert 50 og at eg må begynne å bli vaksen snart. Eg må sjå til å prioritere kvassare. Kanskje der er fleire på min alder som har gjort seg liknande tankar? -at der er så mykje ein enno har lyst å gjere, men – ein vil ikkje rekke alt.

Samtidig blir eg glad og takksam for å ha fått vere med så lenge. For det er ikkje sjølsagt. Eg har meir enn ein gong knipe meg i arma med tanke på kor priviligert eg er, som har fått ein slik spennande leveveg og som får ha så mange flotte folk og vener rundt meg.

Dette året har eg endå til fått ny status: Kona mi Ingrid Marie og eg har blitt besteforeldre til nydelege Emma Emilie, som kom til verda i august. – Halleluja! – Ho er heilt nydeleg!

Marte og Jan Erik er stolte foreldre.

Juli

vart ein skikkeleg god-sommar for min del. Etter herlege dagar med Kulturmix på Scopelos var det tilbake til Norge og Moldejazz der Skruk og Nymarks Kollektiv med Tord Gustavsen stod for kyrkjekonsertane på jazzfestivalen dette året.


Moldejazz 2007

Repetoaret var frå den nye innspelinga vi hadde gjort med tittelen “Dype stile, sterke milde” og som var arrangert for Skruk og Nymarks Kollektiv av Tord Gustavsen.
2000 publikumarar fekk oppleve to flotte konsertar med kjende songar og salmar frå vår tradisjon, framført med ein touch av roots, gospel og “jazz på norska” .

Emma EmilieEtter det flotte brudlaupet til fadderbarnet mitt Kristian Hjelset, var august på oss og nesten heile slekta drog til Mallorca for å feire 80-årsdagen til mi spreke svigermor. Ei heil veke til endes heldt vi det gåande frå tidleg morgon og til midt på natt – heile veka, og jubilanten ho var med på alt. Det er slike personar som gjer ein mindre pessimistisk med tanke på å bli eldre…

August

kom då også med det store underet; Marte fekk ei velskapt jente, og Ingrid Marie og eg gjekk inn i ein ny æra, og fekk tittlane mormor og morfar. Eg var så heldig at eg var i Oslo akkurat då det hende, og fekk sjå ho like etter at ho hadde sett dagslys for første gong. Ei rar, rørande og stor oppleving; livet og slekta vert boren vidare…

Etter besøket på fødestova barst det for min del rett til flyplassen, der Per Arild Skorgen og eg sette kursen for Azerbaijan, til hovudstaden Baku. Saman med Siyavoush Kerimi drog vi frå Baku til Lankaran, ein liten by på grensa til Iran for å møte nokre syngande kvinner der. I denne byen held dei vist nok enno i hevd ein gamal tradisjon, der kvinner samlast i grupper når dei arbeider og syng til arbeidet. Litt av ein kakafoni når fleire grupper syng samtidig.

Songane minner litt om norske folkesongar, med versa sungne av ein forsanger og gruppa som svarar med refrenget. (… liknande: “på vollen dansar mi jomfru”) Og som elles på kloda handla tekstane om døden, livet, arbeidet og kjærleiken …

Siyavoush hadde med opptaksutstyr for CD frå Baku og eit TV-teame frå Azerbaijansk fjernsyn dekte delar av det som skjedde. Han ønskjer å dokumentere denne aktiviten medan den enno er ein organisk del av kulturen og før den glir over til å bli ein meir museal aktivitet.

Nokre av dykk er sikkert lei av å høyre meg tyte om Azerbaijan, men eg har likevel tenkt å legge ut ein liten visualisert stemningsrapport frå turen vår og ei kort grunngjeving for min fasinasjon av landet mot slutten av dette brevet.


Baku i vekst

I august vart Sommerlandet sett opp på nytt med kor og orkester under Haugetunfestivalen i Fredrikstad. Over 100 songarar tok del i den sterke opplevinga det er å synge dette verket saman med Tord Gustavsen og hans medmusikanter, og med Torunn Sævik og Ceclie Jørstad som solist og oppleser.

Barrat Due

Ei stor ære var det også for meg å bli innvitert til konservatoriet Barrat Due si semesteråpning for eit interakivt foredrag om musikalsk utøving og kommunikasjon.

“Hele Norge Synger”

Sjefen for Rikskonsertene, Åse Kleveland tok kontakt tidleg på våren for å lufte ein prosjekt-idè som ho hadde jobba med ei stund. Tittel på prosjektet var “Hele Norge Synger”.

Idèen gjekk kort fortalt ut på at professionelle artistar i samarbeid med kulturhusa og lokale krefter skulle bidra til å få opp songaktiviteten og songinteressa rundt om i landet. Saman skulle ein skape ein minifestival over tre dagar der flest mogleg var involverte.

Dette skulle skje på fleire “scener” i regionen som fekk besøk av “Hele Norge Synger”, og festivalen skulle so kuliminerte med ei festforstilling i Kulturhuset siste dagen der songen og allsongen stod i sentrum! Eg fekk vere med som ein av fleire dirigentar.

Og Rikskonsertane spytta ikkje i glaset når det gjaldt å finne populære artistar:


Artistar

Det heile starta med fynd og klem i Namsos siste helga i september. Hudrevis av voksne, born, og ungdomar var i musikalsk aktivitet heile festivalen, frå tidleg morgon til seine kveld. Konsertar og allsang på bussar, i rundkøyringar, på alders-og sjukeheimar i bankar og butikkar og med to kjempe-konsertar i fullsette kulturhus på laurdag og søndag.

Hele Norge SyngerEtter Namsos fekk Ål, Stavanger, Lyngdal Arendal, Trondheim, Mo i Rana, Oppdal og Sogndal besøk.

Nissa Nyberget var ein energisprutande kapellmester for det heile.

Dette er sjølsagt eit svært løft for Rikskonsertane. Alle som er så heldige å få “Hele Norge Synger” til sin region får ei mulegheit til å oppleve å bli lyttande medrivne og aktivt deltakande i ei herleg og festleg forestilling saman med lokale krefter og flotte artistar.

Ikkje minst så er dette ein herleg visjonær idè som Rikskonsertane og mor Åse med alle sine medhjelparar skal ha takk for, og som bevilgende myndigheter må forstå verdien av, og gi livets rett vidare.

Hausten

gjekk som den plar gjere med korseminar og konsertar rundt om i heile landet. Her var FestiVolda eit av høgdepunkta.

Og så var det Jul.

* * * * * * *

Kulturlandet Azerbaijan

I 1831 skreiv Henrik Wergeland i “Det befriede Europa”:

Hvad Lynglimt dernede?
Mon skyder Bakus Dyb Naftasøiler mod Nathimlen?
– Heijah!
de Lyn ere Sværdhug og Frihedens Ild, som frembryder af Millionernes Hjerter.

Og i 1899 reiste nobelprisvinnar Knut Hamsun til Aserbajdsjan og Georgia.
Boka “I æventyrland – Oplevet og drømt i Kaukasien” gir ei fascinerende skildring av denne reisa, og han avsluttar med orda: “Men jeg vil altid længes tilbake hertil. For jeg har drukket av floden Kur.”

Ja, eg vedgår det gjerne. Eg er fasinert av, og begeistra for dette landet på vestkysten av Kaspihavet. Dette folket som hyller filosofane, poetane, og komponistane sine på ein måte som kan minne om viraken (den positive) som blir vår eigen kongefamilie til del her i Norge. Eit folk som har tatt vare på, og som er stolte av sin nasjonale kultur, og som attpå til synest å vere betre orientert om Europeisk kulturhistrie enn kva den jamne skandinav er i dag.


Varmt i Baku

Kven i Norge har høyrt om filosofen og poeten Nizami for eksempel, eller kven av oss kjenner til nokre av Azerbaijan sine store komponistar?

Då eg kom til Azerbaijan første gongen og dei høyrde eg var norsk, ville dei gjerne diskutere Henrik Ibsen med meg. Edvard Grieg er ein av dei verkeleg store og populære komponistane for Azerbaijanarane og dei kjenner godt til Munch og Vigeland.

11. SEPTEMBER
Azerbaijanarane er frå gammalt av berykta for gjestfriheita si. Den er nemd både i poesi og historie. Og dei er rause og opne for oss som kjem på besøk.

Då eg vitja Baku like etter terrorangrepa i New York 11. september hadde kunstnarar, kor og artistar nettopp vore samla i Baku til ein støttekonsert med pengeinnsamling for dei etterlatte etter Twin Tower-katastrofen. På scena hadde dei store plakatar med tekstar som: “America we are behind you”

Eg kom over bannere og plakatar frå denne støttekonserten i øvingsrommet til eit av kora som eg vitja i Baku denne turen. Dei fortalde meg om konserten då dei såg at eg vart så forundra over plakatane.

Så vidt eg veit har ingen av dei som seier seg opptekne av å vere det frie ords vaktarar i våre vestlege media med “viktege” Muhammed teikningar og siste nytt frå handveska til Britney Spiers, nemt noko om dette i det heile tatt.

Eg veit ikkje om andre heller foresten, hverken i Norge eller USA som har nemnt, eller som kjenner til dette tiltaket frå eit muslimsk folk som ønskte å vise medkjensle, og som fulgte det opp i handling …


Baku sentrum

INDUSTRI- OG KULTURMETROPOL
Baku er hovudstaden i Azerbaijan, og i 2003 hadde byen ca 2 mill innbyggarar. Så tidleg som i 1820-åra etablerte den første, kjente “oljeindustrien” seg i denne byen. Verksemda vart kontrollert og nasjonalisert av den russiske tsaren.

I 1873 var 20 raffineri i full verksemd, og parafinen fra Baku oversvømde raskt den europeiske marknaden, og utkonkurrerte i periodar heilt den importerte amerikanske lampeoljen. I 1900 stod Baku for halvparten av verda sin oljeproduksjon.

Likevel. Det er kulturen sin dei er stolte av. Ein må berre bli fasinert av eit land som har sitt eige staseleg bygg kun for dukketeater og som har eit eige musikkonservatorium kun for sin nasjonale musikk og sine nasjonale instrument. I dette landet er teikning, musikk og dans sentrale, prioriterte og prestisjefylte fag gjennom heile grunnskulen.

Eg møtte faktisk ein familiefar som gret over at sonen ikkje ville bli komponist eller musikar men som heller ville bli IT-ingeniør. Surrealistisk for ein kultivert nordmann.


Gamlebyen i Baku

Azerbaijan blir kalla for det store veikrysset på den gamle “Silkevegen”. Her kom dei innom både handelsfolk, krigarar og oppdagarar på reisene sine. Baku har oppgjennom historia vore ein smeltedigel og møteplass for kultur og kulturar med impulsar frå heile verda. Og sjølsagt tok besøkande med seg impulsar heim att frå Azerbaijan. Temaet frå Bach sin Toccata Fuge i G-moll er nesten heilt identisk med ein Azerbaijansk folketone som dei hevder å kunne spore fleire tusen år tilbake..

Gamlebyen i Baku har kome på FN si verdsarv liste. Og i følgje dokument frå dei som forvaltar denne lista, representerer gamlebyen, som eigentleg heiter Icheri Sheher eit heilt uvanleg og merkeleg historisk urbant ensemble av atmosfære og arkitektur med påveknader frå Zorastrisk, Sassansk, Arabisk, Persisk, Shirvansk, Ottomansk og Russisk kultur.

DET AZERBAIJANSKE KJØKEN
Den jamne Azerbaijaner er ikkje så lite stolt av sitt kjøkken og kokekunst. I Baku kan ein finne restaurantar for ein kvar smak, og i alle prisklasser.


Bakgård i Baku

Skal du til Azerbaijan bør du lærer deg namnet på nokre av dei nasjonale matrettane. Nemner du desse har du innpass hos folk med ein gong og dei ser deg som ein venn og kjær gjest.

Dusjpærè kan minne om ertesuppe, men med pastaputer fylte av kjøt, og eit slag gryn istaden for erter.

Arshemankufte er ein ball på størrelse med ein handball, laga av hakka fårekjøtt, og pakka rundt ein fugl (gjerne kylling) som igjen er fylt med forskjelleg frukt som fersken eple og svisker. Denne blir kokt i ein slags buljong, der kjøtkrafta etter kokinga først vert servert med brødbitar i før Arshemankufta kjem på bordet, vert kløyvd så fuglen kjem til syne med alle godsakene av frukt inne i, og fordelt til gjestane.


Lunsjpause

Dolma kan vere laga av paprika, auberginer, tomater eller drueblad fylte med kjøtfarse og ris.

Plof er kokt ris servert med kylling, fårekjøt, og storfekjøt og kokt i samme gryte som fersken og frukt. Dette skal etast i samme porsjon. Her er delikatessen skorpa av risen som har bruna seg litt i botnen av panna….


Kjøken på bygda

…. og så den kaspiske fisken då sjølsagt, for ikkje å snakke om alle salatane og grønsakene som har ein heilt eigen kvalitet, smak og størrelse her. Nydeleg mat er det alt saman, men for ein nordmann som meir og meir handlar brødmaten sin i butikken, er det kanskje brødet som dei bakar på landsbygda, i noko som liknar tandoori-ovnar, som verkeleg får fram dei store superlativa og matlysta.


Kvinner

Dei Kaukasiske teppa som dei knyter får bli eit anna kapittel, no må eg ha meg litt mat

..mmm.. eg gler meg alt til neste tur.

Skrevet av Prots

Julisommaren kom med øs og pøs i sør… og med sol i nord

Fullmåne på Skopelos

Volda Juli 2007

Det har ikkje vore heilt fritt for skadefryd hos enkelte her i nordvest. Vi har då vassa oss gjennom så mang ein sommar, medan verdamene har smilt sol og godver til sør- og austlandet.

- Så då so –

Vi veit kva væte handlar om; og kva det gjer med humør og jordbær når det høljar ned dag ut og dag inn.

Men no er det nok!

Måtte alle i sør få ein god og solfylt sommer dei vekene som er att, og måtte vi alle få nyte humørgjevande sol, før klagene frå skifolk og idrettspresidentar melder seg; over klimakrisa, som har kome så brått på oss med mangel på snø og is, og som dermed gjer det ulevelege for TV2 og NRK på vinterstida også.

Før sommaren rakk å treffe Norge hadde «sommaren» likevel truffe fleire av oss. Kulturmix har f. eks, besøkt både Cuba og Skopelos denne våren, medan SKRUK har hatt hektiske turnèdagar i Hollywood, San Diego og Los Angeles for å nemne nokre av stadane SKRUK turnerte i mai.


Kulturmix Cuba

Rett før konsert i Havana

Denne gongen hadde vi også innvitert med to songarar, Mariela og Hugo frå koret ved San Marco Universitet i Lima, som vi «kulturmixa» med på forrige tur i Peru. Sjøl om språkforskjellar kunne stå i vegen nokre gongar, tok det ikkje meir enn ein dag før dei var ein heilt naturleg og organisk del av gruppa.

Frå revolusjonen på slutten av 50-tallet og fram til i dag har Cuba på mange måtar vore uendra. Likevel kan der på enkelte områder kome endringar plutseleg og utan varsel. Dette kan f. eks. skje i lovverket. For ein norsk nordmann på Cuba kan det opplevast som eit ganske så uforutsigbart land. Men dette gjer jo også at Cuba er eit spennande reisemål for den som har ein liten explorer i magen, noko vi kulturmixarane fekk oppleve.

Kulturmixen, dvs møte med lokale artistar og musikarar for felles workshops og konsertar var meint å skje i Trinidad og i Havane. I tillegg var det meininga å få med ei passe dose turisme.

Eit halvt år før avreise hadde vi fått kontakt med folk i Trinidad som ville prøve å forberede eit kulturmixtreff med lokale artistar for oss. Vi venta på tilbakemeldingar om korleis dette gjekk, og om dei fekk det til, men vi høyrde ikkje meir frå dei. Då det nærma seg tida for avreise til Cuba og vi enno ikkje hadde fått kontakt med dei, måtte vi berre skrive dette på kontoen for resultatlaus førebuing og begynne å tenkje på alternative løysingar. Trinidad stod jo alt på reiseruta.

Vi bestemte oss like godt for å bruke desse dagane i Trinidad til aklimatisering, vere turistar og slappe av med bading og med å øve på eige repertoar. Vi hadde jo med oss Altiplano, så øvingane ville ikkje bli kjedelege uansett.

Mannsrekkja øver i HavanaMen då vi kom til Trinidad vart vi møtt av to entusiastike ungdomar som stod klare og ønskte oss velkomne til eit fullt program med kulturmixing dei komande dagane. Dei hadde så vist ikkje gløymt oss, men tvert imot lagt ned eit stort arbeid for at vi skulle få nokre spennande dagar i Trinidad. Dermed vart det for oss å hive om på programmet igjen og gjere klar for “mixing” likevel…… spennande – kva kjem rundt neste sving?

Jau då, vi måtte faktisk be våre hjelparar om å kutte i programmet så det ikkje skulle bli for mykje, og likevel vart der konsertar både i Casa de Cultura og medverking i ein konsert/danse-show på utescena til hotellet der vi budde.

I Havanna skulle vi ha hovedopplegget av det kulturelle programmet med felles korøvingar og konsert, på slutten av turen. Vi hadde vi fått kontakt med eit proffessionelt kor, og hadde sett av tre dagar til seminar saman med dette koret. Då vi hadde gjort oss klar for første øvingsdag i Havana kom der beskjed at dei ikkje orka å møte denne dagen fordi dei var så slitne etter festivalen som hadde vore veka før.

- OK – …hive om på programmet igjen… og ta ein dag med badeferie på ei av dei flotte strendene utanfor Havana.

Neste dag var koret på plass, og songarane i begge leire fann kvarandre hjarteleg, på tvers av språkbarierer og kulturforskjellar. Vi fekk to spenstige dagar med herleg mix og ein flott avslutnigskonsert i eit gammalt ærverdeg konsertlokale utan glas i vindaugo og med trafikkstøyen og lydar frå gatelivet utanfor som ingrediensar i konserten.

BilDei hadde først trudd at “kulturmixen” skulle vere at vi song for kvarandre. Då dei forstod at meininga var å synge saman eit felles repertoar også, vart dei litt usikre. Dei hadde ikkje forberedt noko stoff som eigna seg til å lære bort på kort tid; dei hadde mest større korverk på repertoaret. Og det endte med at dei med stor entusiasme vart med på vårt repertoar, der dei m. a. fekk lære Blåman bukken min, Slipp mine fløyter fri etc.. Og dei sang på norsk som om det var det mest naturlege av alle språk.

Før vi skildes inviterte dei oss tilbake til ein ny Kulturmix i Havana, og dei lova at då skulle dei stille opp frå dag ein, og då ville dei også ha klart eit eigna cubansk repertoar!

…så vi håper å kunne lage ein ny “mix” på Cuba om ikkje alt for lenge.

Som eit resultat av den Amerikanske blokaden av Cuba har der blitt drastiske reuksjonar på importvarer og industriell produksjon. Dette har gjort at den cubanske dietten i aukande grad har blitt redusert til mat dei kan produsere lokalt. Ris og bønner er tradisjonelt med ved dei fleste måltid, saman med søtpoteter, tomater og yuca. Mais er også basis i mykje av maten dei lagar. Heimedyrka frukt kan ein kjøpe på markedet, som mango, avacado, appelsiner sitron, ananas, og papaya. Sjømat er vanleg, og hummer er ein cubansk spesialitet. Steikt svinekjøt er festmat. Og maten er slett ikkje dårleg, eller smaklaus.


Restauranten der dei spela inn filmen Jordbær og sjokolade

Å besøke restauranten der dei spela inn filmen «Jordbær og sjokolade» var ei oppleving. Vi kom først inn i eit kjellarliknande rom rett frå gata, der nokre Cubanarar som sat og spela noko som kunne likne på Dam – eller sjakk kika uinteressert på oss. Nokre majestetiske trapper som syntes å henge i lause lufta, snirkla seg opp gjennom etasjane og tok oss forbi leikande ungar og klesvask – opp til restauranten… Romet hadde fargesterke veggar med avflassa dører og glaskarmar utan glas i vindaugo. Dei tunge krystallkrunene under taket, og bilda på veggane fortalde om huset si spennande historie. Saman med freistande dufter frå kjøkenet, kvite dukar på borda og lett oppkava kelnarar, gav dette ei heilt spesiell atmosfære.

Skruk drog til California i mai. Det vart ein 12 dagars turnè, og med like mange konsertar. Våre uthaldande venner Olav og Laila, som bur i Laguna Hills hadde saman med vår manager for turen Mark, lagt ned masse energi og arbeid for å få denne turen til å bli vellukka.

        Frå lyd- og bildeprøvene i Crystal Cathedral

Promotionvideo for USA 2007
Flesteparten av koristane i Skruk budde heime hjå Olav og Laila. (det er det ein kan kalle å ha husrom, når ein kan hyse nesten 50 stk i 12 dager). Med dette som base, turnerte vi med åtte mini vans til dei forskjellege konsertstadane rundt omkring. Koret sine eigne folk var sjåførar.

Byar som SanDiego, Los Angeles, Thousan Oaks og Hollywood var mellom dei som fekk besøk. Det vart ein herleg, opplevelsesrik og tøff tur med mange og flotte konsertar og varm mottaking. Responsen var uventa overstrøymande, så vi har begynt å snakke om neste tur allereie. Det har kome E-post og meldingar frå fleire land etter at SKRUK slapp til i det verdsomspennande TV-programmet «Hour of Power» som gjekk frå Crystal Cathedral i Los Angeles.


Kulturmix Skopelos

Skopelos

Kven skulle tru at det kunne bli slik ein varme. Eine dagen var det målt heile 52 grader celsius inne på øya, og fuglar datt døde ned frå himmelen på grunn av varmen. Kulturmixarane slapp frå det med berre 48 grader i skuggen den heitaste dagen. Heldigvis var det så lav luftfuktigheit at det ikkje kjendest så heitt som det verkeleg var. Det galdt berre å drikke, drikke, drikke… og så drikke litt til.

Skopelos er nummer to i kjeda av dei nordlige Sporadene og den største øya. Den ligg mellom Skiathos og Alonissos og strekkjer seg 21 km lang og 8 km brei, og dekkjer 96 kvadratkilometer. Etter siste folketelling i 2001 hadde øya 4,696 innbyggere. Skopelos er sjarmerande og vakker, spennande og sofistikert, livleg, men likevel fredeleg. Der fins mange slike adjektiv som kan beskrive denne skimrande smaragden i Egeerhavet. Ein kan også seie at Skopelos er ei øy for ein kvar smak. Ideell for dei som vil gjere meir enn å ligge på stranda heile dagen. Kjempespennande å utforske.


Øyhopping og bading og medbragt chef

Skopelos er ei av dei få greske øyane som har klart å halde på mykje av sitt opprinnelege særpreg, og vert kalla for den grøne øya på grunn av sine pinjeskogar, vegetasjon og frodigheit.

Dette er Hellas på sitt mest trivelege og mest gjestmilde. Ordføraren på Skopelos hadde i eigen person, ordna med konsertstad, lydanlegg og scene for “Kulturmix”. Øyas eigen hoffgitarist Kostas Kalafatis stilte opp med to medmusikantar på bozooki, og utgjorde saman med Per Arild Skorgen på piano orkesteret vårt.

Kulturmix hadde base på hotellet Alkistis der vi både øvde og hadde frukost – for ikkje å snakke om morgongymnasstikken kvar dag med vass-aerobic i bassenget under kyndig leiing av Anne Dahl Olafsen.

I tillegg til heildags båttur med «øyhopping» og bading, så var Skopelos by ein triveleg plass å vandre mellom sangøktene, med mange spennande småbutikkar i tillegg til dei vanlege turistsjappene. Promenaden langs hamna er ei samanhengande rekkje av koslege smårestaurantar. Plaka i Athen kan berre gå og legge seg.

BadingSaman med dei greske songarane som stilte opp vart vi eit ensemble på ca 40 stk. og Kostas Kalafatis lærde oss to songar på gresk som vi hadde med på repertoaret i konserten mot slutten av veka.

Konserten vart ein kjempe-happening mellom norske og greske songarar og musikarar og eit internasjonalt publikum midt på hamne promenaden i byen. Og her vart vi også invitert tilbake til ein ny “kulturmix” til neste år. Denne turen varte kun ei veke, og vi var enige om at det var for kort tid på ei slik øy og med så trivelege folk.

Så neste år vert det 2 veker på Skopelos, og den som er interessert i å vere med, må krysse av i kalenderen for tidsrommet rett etter St. Hans.

Følg også med på dei neste turane som er i emning:

Kenya til påske 2008,
Tallin «Slektsstevne for Kulturmixarar» 1.Mai helga 2008,
New Orleans til hausten 2008
Nord Sulawesi/Molukkene til våren 2009

Meir detaljert informasjon om desse turane vil kome opp utover hausten på heimesida til globaltravel.no


Lunchplassar var ikkje vanskeleg å finne

Skrevet av Prots

Endeleg kom vinteren til Volda

Saltre i Hjørundfjorden


Volda februar 2007

Alle snakkar om veret
Vi Sunnmøringar er kjende for å vere opptekne av veret… og no begynner vist resten av værda å kome etter òg.

«Min båt er så liten og havet så stort» song vi på søndagskulen i hine trygge dagar.

2005 og 2006 var to år som overbeviste fleire enn nokon gong tidlegare, om at vi som er bufaste på denne kloda faktisk «er i same båt»; og at vi må til å ta det på alvor.

…verda vart plutseleg så lita og veret så stort.

Vel, vi får gå dei neste åra i møte med dette i bakhovudet, og så får vi gjere så godt vi kan. I tillegg får alle som bed, be om at kloda og vi som bur her kan finne ut av korleis vi kan leve med kvarandre.

Heldigvis er utfordringar noko som appellerer til folk flest… og no er 2007 i alle fall i gang. Motløyse og tunge tankar kan bli påtrengande for nokon kvar, når nyheiter og media får oss til å kjenne oss handlingslamma. Tor Jonsson har eit nydeleg dikt som svar til dette:


Dalsfjord KyrkjeOrdet

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
Når ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder,
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er ordet.

Tor Jonsen


Korseminaraer i gong for min del. Nye kor og nye stadar. I slutten av Januar fekk eg eit artig og inspirerande møte med det som må vere verdens største mannskor i forhold til folketalet. Tennfjord mannskor frå den vesle bygda Tennfjord på Sunnmøre stiller med 50 mann, og det med gode stemmer til og med. Dei har markert seg langt utanfor eigne heimtrakter med både godt humør og spenstig korsong, og med ei sprek og dynamisk dame som svingar taktstokken.

Ny CD
Under vår Kulturmix i Azerbaijan i 2002 møttest toppmusikarar og artistar frå Azerbaijan med gruppa Altiplano frå Ecuador, til eit musikalsk eksperiment i Baku.

Etter 4 veker med intens arbeid under leiing av Mr. Siyavush Karimi, vart resultatet av eit eineståande musikalsk kulturmøte framført for over 2000 publikumarar i ein TV overført konsert på Azerbaijansk fjernsyn.

Transatlantic Non-StopDeretter vart det heile spela inn i Mr. Siyavush Karimi sitt lydstudio.

Innspelinga «Transatlantic Non-stop»vart lansert på Kirkelig Kulturverksted sin label i Norge, no i februar.

I løpet av 2007 og neste år vil CD`en bli lansert først i Europa og seinare over heile verda.

Det har blitt ei vakker og annaleis world music-plate, der begge partar får halde på si eigenart. Dette er ikkje noko integreringsprosjekt. Det er eit inkluderingsprosjekt, der dei samlar sine musikalske og historiske ærfaringar til eit sterkt felles uttrykk på ein forunderleg logisk måte.

CD`en har fått god mottaking hjå kritikarar i Norge, og sjølv om eg på fleire måtar er inhabil så er eg likevel trygg på at eg gjer rett når eg her anbefaler den på det sterkaste.

Ny butikk med alt frå Kirkelig Kulturverksted
I dette høve må ein liten og artig nystarta butikk for glass, keramikk og musikk på Grünerløkka nemnast. Den ber namnet «Kaffen Klar» og ligg i Herslebs gt.2 like ved Schous plass. Her kan ein ta seg ein kopp kaffe medan ein lytter til musikk.

Dette er den einaste butikken i Norge som i dag har absolutt alle produksjonane frå Kirkelig Kulturverksted tilgjengeleg. Den som ønskjer det kan ringe inn, eller via E-mailadressa post@kaffenklar.no bestille og få tilsendt musikk.

Kulturmix
Eg må også få vise til vår nye heimeside for www.globaltravel.no, som har vokse ut av kulturmix-produksjonane. Gjennom Global Travel ønskjer vi å få Kulturmixreisene inn i meir organiserte former, og vi vil også prøve med andre typer kulturrelaterte turopplegg.

No ser eg og fleire med meg fram til neste Kulturmix, som blir på Cuba i påska. Her skal vi mellom anna møte eit kor i Havanna for utveksling av songar og felles seminar. Og vi får treffe igjen Altiplano som fohåpentlegvis får mingla seg med Cubanske musikarar saman med oss i Kulturmix-koret. Vi vil også møte igjen songarar som vi har invitert over frå universitetskoret vi sang med i Lima. Deretter blir det Kulturmix med sommer sol og sang på Skopelos i overgangen Juni/juli.

Det skal bli kjekt!

Sundal i Volda

Skrevet av Prots

Sommaren heng att i enno

Kjeldsundhamna


Volda Oktober 2006

- men so var det også den finaste sommar i manns minne i følgje dei som har godt minne.

Og ein flott sommar har det vore.

I år hadde SKRUK si årlege sommersamling på Kjeldsund. Då var det som vanleg «storfamiliesamling» med skruk-songarar, ungar og barnevakter om ein annan. Kjeldsund er eit paradis for både voksne og ungar når veret er i godlage. Denne sommaren hadde koret mange prosjekt på gang samtidig. Konsertar i nærområdet, dvs i 10 – 15 mils omkrets. Planlegging av USA tur til våren. Laila og Olav Bergheim som er våre gode hjelparar for denne turen, kom til Kjeldsund og orienterte om kor langt planlegginga var komen “over there” med booking av konsertar, logistikk etc… Olav Bergheim heldt også eit “miniforedrag” for koret som m.a. gjekk på motivasjon og målsettingar . Spennande.

Hovudoppdraget for sommersamlinga var imidlertid å øve inn det nye repertoaret som skulle bli til ein ny SKRUK-CD før vi avslutta samlinga.

Tord Gustavsen har arrangert fleire av våre gamle songar og salmer spesielt for SKRUK og «Nymarks Kollektiv». «Nymarks Kollektiv» består av musikarane Kåre Nymark på trompet, Mats Eilertsen på kontrabass, Kennet Ekkornes på percussion og Tord Gustavsen på piano.Volda kyrkje fungerte som studio slik den har gjort ved dei fleste innspelingane til Skruk (ca 20 innspelingar). Innspelinga var i boks i starten av august, og CD`en vil er i handelen no frå slutten av Oktober. Klikk på:
SKRUK CD innspelingar

CD-innspelinga var ikkje før gjort unna før det var rett til video innspeling i fjell og fjøre for å få med korsong og norsk natur til marknadsføringa av USA-turnèen.

KULTURMIX i Romagna Italia

Publikum i RomagnaFerien med stor «F» i år var å vere med Kulturmix til Romagna i Italia. Anne Dahl Olafsen og Karen Tone Hernandez stod for opplegg og reiseledelse på ein tur der temaet var «Mat og Musikk».

Romagna distriktet ligg i den nordlege delen av Italia, ikkje så langt frå Bologna og Toscana. Vi hadde base i den vesle landsbyen Santa Sofia, som er ein sann oase med eit tilbakelena tempo og og ei herleg avslappa atmosfære for ein rastlaus nordmann. Her var det ikkje andre turistar å sjå, men gjestmilde og blide folk med god mat og nydeleg vin, for ikkje å snakke om is-kremen.

Mellom korøvingar, matopplevingar og konsertar var det dagsturar til Firenze, Assisi, Torino og Rimini. Denne var ein flott kombinasjon, som sveisa kulturmix-gruppa saman på ein utmerka måte.

Ekspedisjonen i Romagna

Som aktiv deltaker opplevde eg denne turen som ein av dei mest trivelege og avslappande feriar eg har hatt på mange år. Stor takk til Karen Tone og Anne for eit flott opplegg!

Kor i dør med utsikt

Sunnivadagane

Sunnivadagane i år var eit litt meir nedtona arrangement enn dei tidlegare åra, men med eit flott program. Sunnivakoret saman med Anne Marte Slinning og Tina Brandal gjorde ein utmerka innsats ved avslutningskonserten i Selje kyrkje på Søndag. Per Arild Skorgen var som så ofte før kapellmeister.

Sunnivakoret på øya

Eit spennande og uventa oppdrag dukka opp frå Telenor i september. Den årlege konferanse som dei plar halde for sine ca 150 toppleiarar i Europa og Asia, var lagt til Budapest i år. Saman med Per Arild Skorgen vart eg utfordra til å lage eit kor av samtlege 150. Vi fekk ein time på oss. Og kor det vart det – firstemt til og med. Ikkje visste eg at der var så mange dyktege og entusiastik koristar i Telenor si toppleiing.

No ser eg fram til austlandsturnèen med SKRUK 27. – 29. Oktober. Då blir det konsertar i Askim på Fredag kl 21:30 og i Moss kirke på Laurdag kl 17:00 med acapellarepertoar. Samme laurdag kl. 21:00 blir det konsert i Glemmen kirke Fredrikstad og to konsertar i Kulturkiken Jacob Oslo på søndag ettermiddag. Meir info på :SKRUK nytt
Repertoaret på desse konsertane blir frå vår nye CD «Dype, stille, sterke, milde» med Tord Gustavsen og band. – Velkomen til konsert!

Og då er hausten her.

God haust!

Over Østerrike

Skrevet av Prots

Så kom Juni

Volda Juni 2006

Eg vedgår at eg er ein nysgjerrig fyr -

Så kom Juni


- og eg håper å vere nysgjerrig lenge enno.

Det å få sjansen til å reise, møte nye stader, nye folk og andre kulturelle uttrykk enn dei ein møter til dagleg har alltid fascinert meg. Mars, april og mai var tre slike månader for meg.

Reisebrev for våren 2006:

Beijing var ikkje før tilbakelagt før det var ut igjen – til USA. Turen gjekk til Orange County, eit nydeleg område rett sør for Los Angeles. Og denne gongen var vi tre saman: Lars Trygve Grimstad, formannen for SKRUK og Ola Vågsholm som er marknadsansvarleg. Å reise på tur med desse to typene er ein sann svir. Sjølv om begge karane no nærmar seg den satte alder av 25, så eig dei enno ein forbløffande ungdommeleg glød, med humor Prots, Lars Trygve, Ola og Markog kreativitet som boblar rundt dei heile tida.

Eg innbilte meg ein augneblink at eg var under tredve år sjølv også, til eg eine dagen prøvde å springe litt, og deretter kom til å sjå meg i spegelen.

Desse dagane minte meg om mine første glade dagar i SKRUK, då alt var nattfødt og nytt, med dåm av helg og himmel, og av sol-dag og sky – Det var glade dagar med sprelske påfunn.

I Amerika skulle vi møte ein utflytta nord-møring, som vi i SKRUK lærte å kjenne sist sommar då vi møtte han i Norge. Han hadde fulgt SKRUK gjennom plater og konsertar, heilt sidan vår spede start midt på 70-talet, og er sjølv vore aktiv korsongar. Han var svært entusiastisk på SKRUK sine vegne. Med ein skikkeleg pep-talk og rosande ord fekk han oss faktisk til å kjenne oss som eit skikkeleg godt kor.

Crystal Cathedral


No var vi tre karane på veg over havet på hans invitasjon, for å sjå på moglegheitene for eventuell SKRUK-konserter “over there” i 2007.

Crystal Cathedral sett frå utsidaDå vi kom over hadde han alt lagt ned eit stort arbeid for å promotere oss. Han hadde skaffa oss eigen manager – Mark, som gav oss gode råd på presentasjonsteknikkar, og som tok oss med rundt til arrangørar og musikkansvarlege for å introduserte oss for dei. Takka vere han, ser det no ut til at vi vil få ein spennande turné i dette området til våren 2007.
Vi har alt kome på plakaten til fleire flotte konsertstader; frå små intime kyrkjer og til den mest prestisjetunge konsertkyrkja i heile USA: den gedigne katedralen av glas og stål, Crystal Cathedral med fleire tusen publikumsplassar. Han har også fått plass til SKRUK i TV-programmet “Hour of Pour” som i tillegg å verte sendt over heile USA og Sør Amerika, også går til fleire land i Europa, Asia og Afrika.

Kulturmix si reise denne påska gjekk til Peru

Det vart 10 stive timar i fly, mellomlanding og strekk på beina på den Karibisk øya Bonaire, før vi etter nesten 3 og ein halv time til endeleg hadde flyplassen i Lima under landingshjula.

Lima

Mormor og EzperanzaFørste møte med millionbyen Lima kan vere ei kaotisk oppleving, men det viser seg etter kvart at byen absolutt har sin sjarm. Dette er hovudstaden i Peru, med eit tilbake lena tempo, sjølv om trafikken verkar kaotisk. Lima ligg ved kysten og i ørken. Ørkenen oppdagar ein ikkje før ein kjem litt ut av bysentrum. Byen har fleire plazaer, som er opne vakre plassar midt i byen, med spennande katedralar og arkitektur frå kolonitida. Marknader, gateseljarar, skopussarar og små kaféer som serverer ceviche saman med det lokale ølet gir ei sann kjensle av å vere på hi sida av jorda. Ceviche er rå fisk og annan sjømat, marinert i sitron og er skarpt krydra.

Med ei gruppe på nærare 70 stykke hadde reiseleiarane våre: Mari, Anne, Edel og Bente ei skikkeleg utfordring. Vi skulle reise, bu og syngje saman i nesten to veker, og det meste skulle skje i 3000 – 4000 meters høgde. Høgdesjuke er ikkje å spøkje med.

Men først: to dagar ved kysten – i Lima.

Velkomstkonsert

Ein fargerik velkomstkonsert med dans og musikk frå vener av Altiplano, møtte oss då vi skulle sjekke inn ved hotellet vårt. Dette slo an tonen som skulle vare heile resten av turen – godt humør, song og musikk og nye venskap.

San Fransiscokatedralen

Besøket i San Fransisco katedralen i Lima var spesielt, med sjeldne maleri frå tidlege Peruanske kunstnarar. På eit maleri av Jesu siste måltid var det marsvin som blei servert.

Marsvin er rekna som den ypperste festmat den dag i dag i indianerkulturen.

Under kirka er der katakomber, som vart opna for publikum for ikkje så mange åra sidan. Her ligg hovudskallar, lårbein, kragebein og ribbebein etter titusenvis av innbyggjarar frå Lima, sirlig og dekorativt i brønnar og på hyller.

Cusco

Ansikt frå CuscoEtter ein times flytur den tredje dagen over Andes tak og spir, landa vi i Cusco; den vakraste byen i heile Peru.

Cusco er den gamle Inka hovudstaden i Sør Amerika, og namnet betyr “Navlen” – navlen til “Moder jord”.

Peru er eit mystisk land, og det er eit herleg land med eit nydeleg folk:

De er flammende juveler
diamant, rubin, safir.
De er strødd av rause hender
mellom Andes tak og spir.
“Guds juveler” – Erik Hillestad

Det idylliske hotellet vi flytta inn på låg i sentrum av Cuzco, og vart drive av lokale indianarar. På dagane steikte sola sommerleg på vinterbleike skandinavar, medan nettene var kalde og fleire av oss måtte ty til varme omnar på romet i tillegg til den tunge og rå dyna. Vi fekk vite at i denne høgda kunne temperaturane kome langt ned på minussida nattestid om vinteren. Nokre av oss måtte gi etter for høgdesjuke med hovudverk og magesjau som varte ein eller to dagar. Og då var det senga som var beste opphaldsplassen. For dei av oss som heldt seg oppegåande vart det etterkvart ei nesten heimleg stemning på hotellet. Det viste seg at hotellstaben var noko underbemanna for ei så stor gruppe som vår, så her måtte vi berre trå til og hjelpe til med servering av coca-te, kaffe og frukost.

Gate i Cusco

Cuzco ligg 3.300 m over havet, og har ca. 300 000 innbyggarar. I tillegg til at byen er rik på opprinnelege indianske byggverk og plazaer frå kolonitida med eit triveleg kafé-og restaurantliv, så er Cuzco omgitt av historiske og arkeologiske underverk som definivt kjem under omgrepet spektakulære.

Plaza de Las Armas, CuscoKvar kveld hadde vi ein til to timar med korøving i atriumet på hotellet. Og der sat koristane i over 3000 meters høgde, med boblejakker og poncho og heiv etter den tynne lufta mellom songstrofene. Fleire frå betjeninga la då ned arbeidet, henta seg stolar og var inspirerande publikum til kulturmix koret sine vakre klangar. Vi var nok den merklegaste gruppa dei hadde hatt på besøk. Vi oppførde oss nesten som ein stor familie, eller rettare sagt som eit slektstemne. Og som sagt så prega dette etter kvart atmosfæra på heile hotellet. Dei responderte til vår song med entusiastisk applaus og undring i augo.

Dagane går fort i eit slikt eventyrlandskap med sightseeingturar og festlege restaurantbesøk.

Ein tur gjekk til Pisac, som ligg i Urubamba dalen. Den vert kalla Den Heilage Dalen, og var frå gammalt av transportvegen til og frå lavlandet der ein handla tropisk frukt og cocablad. Cocablad brukar dei til å koke te på, eller til å tygge. Det verkar som medisin mot høgdesjuke.

Den Heilage Dalen er i dag som i gamal tid, eit viktig jordbruksområde som forsyner Cuzco med mais, frukt og grønsaker. Ein av attraksjonane er marknaden i den vesle byen Pisac.

Hit kjem folk frå fjella og frå områda rundt, for å selje varene sine. Ved sidan av poteter, mais, frukt, ris og eit fargerikt utval av grønsaker, kan ein finne nydlege handarbeid; vevkunst, tre-skrud, keramikk, biletkunst, vakre og fargesterke klesplagg for å nemne noko.

Vever veverske i Pisac

“Fargesterk” er eit ord som lett fell ein i munnen i dette landskapet og i mellom dette folket. Ikkje berre er folket fargesterke i sine drakter, men himmelen er blåare, skyene kvitare og graset grønare enn eg har sett nokon annan stad.

Det verkeleg store, og som ein ha med seg når ein er i Cuzco er Machu Picchu. Turen med det spesielle toget som går til Agua Caliente, og så bussturen derifrå på ørne-sving vegar opp til “Den gløymde byen” er ei oppeving i seg sjølv.

Og plutseleg stod vi der – og gjekk der – like store i augo, og like måpande som sikkert millionar av turistar før oss.

Machu Picchu

For dette er definitivt den mest ettertrakta turiststaden av alle stader i heile Sør-Amerika.

Frå Machu Picchu

Machu Picchu låg gøymd og gløymd i gras og vekstar ute på egga av dette stupbratte fjellet som vi no sto på toppen av like fram til 1911. Då fekk den amerikansk historikar, Hiram Bingham æra av å vere den først som oppdaga “Den gløymde byen”.
Der er mange teoriar rundt opphavet til Machu Picchu. Enkelte hevdar at byen må vere frå før inka-tid, medan andre trur at den vart bygd av dei første inkaene, og av ein eller annan grunn vart gløymd av dei siste. Andre igjen meinar at den var bygd på 1400-talet. Den høge kvaliteten på bygningane tyder på at byen først og fremst var bygd for den tida si elite. Ein reknar med at Machu Picchu var eit religiøst sentrum, då ein ikkje finn så mange tempel andre stader. (kjelde: Ascehoug: Turen går til Peru)

Like ved foten av fjellet ligg den vesle landsbyen Agua Caliente med sine varme kjelder. Den fløymer no over av kafear, salsboder og internettkaféar og seljarane strøymer til frå alle kantar. Her finn dei kjøpesterke turistar året rundt.

Altiplanoet

Altiplano betyr “høgslette”. Saman med musikarane i Altiplano, som var med oss på turen, bar det no vidare med buss frå Cuzco over Altiplanoet til nye høgder – til Puno og Titicaca som ligg meir enn 3.800 m over havet.

Puno har 80.000 innbyggjarar, og er hovudstad i “fylket” med same namn. Denne byen ber også tilnamnet “Folklorehovudstad” på grunn av dei mange tradisjonelle festane i dette fylket. Lyset er fascinerande på kveldane, og for ein fotograf eller ein målar må dette vere ein spennande plass å stoppe over ei stund.

Kveld over Titicaca

Puno er kystby til Titicaca-sjøen, og er eit greit utgangspunkt for å vitje “uro-indianarane” som bur på dei flytende øyane på Titicaca-sjøen. Øyane er bygde opp av totora-siv, som indianarane sjølve sankar frå sjøen. Dette er eineståande for Sør-Amerika. Ikkje nokon annan stad lever menneske på flytande siv-øyer slik som her.

Uros-øy og innbyggjarar på Titicaca

Her bor dei i hus av siv, og seglar i sivbåtar – ja, og dei et siv til og med. Denne spesielle livsstilen oppstod fordi Uro-indianarane for fleire hundre år sidan ville unngå Inkaene og Aymara-indianarane sin dominans på landjorda. På øyane har dei både skule, kyrkje, verkstader, salsboder og husdyr. Dei lever heilt sitt eige liv, og betalar ikkje skatt. På kvar øy kan der bo inn til ti familiar, og kvar øy har sin eigen president. Det har vore på snakk at dei må begynne å betale avgift for sivet dei sankar, men president Fujimori tok deira side og berga dei frå pålegget om avgift so langt.

På Titicac-sjøen ligg også Taquile, som er ei sjarmerende stille øy, og som held på tradisjonane sine. Når ein kjem til øya, vert ein ønskt velkomen av gjestfrie innbyggjarar. Frå sjøkanten går ein opp ei steintrapp på 544 trinn. Det kan vere hard nok i nærare 4000 m høgde.

På plazaen i byen ligg ei gammal kyrkje, fleire restaurantar. Der er også butikkar som sel kunsthandverk. Innbyggjarane går i tradisjonelle klede, som er unike for øya Taquile. Og her steller kvinnfolka jorda og mannfolka strikkar.

Amantaní er ei endå rolegare øy, utan bilar, mopedar eller hundar. Her har også øybuarane si spesiell klesdrakt. Skulle ein ønskje nokre stille og rolege dagar, vil denne øya vere midt i blinken. Turistar er velkomne til å utforske øya på eiga hand om dei måtte ønskje det, og det er mogleg med privat innkvartering.

Tilbake til Lima

HøgslettaTil no har vi vore på reise i ei god veke i fjella, og folk har begynt å få kontroll med høgde-sykja. Det er ikkje mange som har unngått meir eller mindre føling med den no . Og sjølv om folk for så vidt var budd på det i og med at vi skulle til slike høgder, blir det ikkje mindre ubehageleg av den grunn, for den som blir ramma.

Men så er det også slutt på opphaldet i fjella.

Vi set kursen tilbake mot Lima, der vi skal møte koret ved Universidad Nacional de San Marcos og deira dirigent Mr. Izrael. Inn att i bussen, og over Altiplanoet igjen. Denne gangen må vi opp til 5000 meters høgde før det beynner å bere nedover.

Regnbyger.
Gjørmebyar.
Sol.
Fjell.
Lamaer.
Kaldt.
Svimmel.

Forbi byar med eksotiske marked og vill-llamaer til “Den kvite byen” Ariquipa, byen som ligg mellom spektakulære vulkanar. Derifrå tek vi flyet tilbake til Lima neste dag.

Kulturmix i Lima

Sheraton Lima vart basen vår i Lima no, og gav oss ein dash av luksus på tampen av turen. No vart det lettare å puste, og etter høgdetreninga i Andesfjella var vi klar for korøvingar på ramme alvor saman med det 50 manns- og kvinns-sterke koret frå Universidad Nacional de San Marcos, som består av 20 fakultet med over 40.000 studentar.

Dei hadde tatt over eit gammalt kloster, som dei no heldt på å restaurere, og dette klosteret vart øvingsstaden vår dei komande dagane. Konserten skulle haldast i universitetet sin eigen store teatersal.

Øving og konsert i Lima

I vår gruppe var vi over 50 aktive songarar og med minst like mange i universitetkoret, så vart vi eit kor på over 100 stykker på scena.

Konserten vart meget vellukka med full sal, som viste stor entusiasme for Kulturmix-idéen.

Etterpå vart det uttrykt frå leiinga av universitetet, ved både direktøren og rektor at dei kunne tenkje seg nye og liknande samarbeidsprosjekt i framtida. Dei uttrykte stor begeistring for “den nordiske lyden” som vi representerte. Den norske gruppa og songarane i studentkoret fann tonen, og for fleire vart det nesten tårevåte farvel når vi måtte seie takk for oss og sette kursen mot Skandinavia og vinter igjen.

Ærfaringane frå denne turen gjer at vi håper å få til fleire turar til dette spesielle landet med den mystiske kulturhistoria.

Men først står Cuba for tur. Det blir i påska 2007.

Vi vil også å prøve ein ny kulturmix-tur til New Orleans, berre der ikkje kjem ein ny storm og reiser med resten av byen. Denne turen er tenkt å gå i siste halvdel av Februar 2007.

I Juni har vi planar om å tjuvstarte på sommaren med ei vekes korist-treff på Scopelos i Hellas. “korist-treff” betyr at ein treng ikkje å kome som kor eller medlem i eit kor for å vere med. Kom som korist.

Det har også vore planar og førebuingar for ein ny tur til Beijing no til hausten 2006, men den må desverre, og av forskjellege årsaker gå ut denne gongen.

For dykk som er interessert i slike turar, er det berre å følgje med på infoen som blir utsendt frå Anne og Einar med jamne mellomrom.
Er der nokon som ikkje står på adresselista for info, men som ønskjer å stå der kan de sende namn og E-post adresse til(klikk på): Anne Dahl Olafsen og (klikk på):Einar Berle og be om å kome på lista så vil de få info når turar og seminar er på gang.

Athen og filosofane

Som sagt innleiingsvis: å reise var melodien denne våren. Etter fire dagar med norsk jord under skorne, vart det ei veke i regi av KLM sin leiarkonferanse “Ledelse og filosofi” i Athen, og eit gjensyn og gjenhør med filosof Tore Frost og lektor på BI. Geir Lahnstein.
Frå klosteret i Athen

Vel, det vart ei dryg dose desse tre månadane, sjølv for ein nysgjerrig fyr som meg. Så no står der att ein spennande tur i slutten av Juni med Kulturmix i Italia – og denne gongen gjeld det mat og musikk.

Når alt dette er sagt – og når alt dette har blitt lovprisa, må eg likevel – på trass av at eg har tungt for å tole andre bruke klisjèar, ty til ein sjølv:

Borte bra, men heime best.

For det oppdagar ein også etter kvart: Ingen stad har vakrare natur enn Norge og ingen stad finn ein meir variert og herleg ver enn på vestlandet. Ingen andre klangar kan slå den norske klangen.

At det er her eg har mine røter og mitt kulturelle rotfeste med eit vestlandsk pietistisk bakteppe – på godt og vondt – må eg ha med meg i medvitet for å kunne våge å åpne meg for, og prøve å forstå litt av andre sine kulturelle og religiøse uttrykk.

Det er spennande å leve, og det er spennande å vere ein vestlandspietist ute i verda!

Då ønskjer eg alle god sommar, god helse og gode vener.

prots

Skrevet av Prots

Februar 2006 er historie

Mystisk lys over Bjørkedalsvatnet


Volda Mars 2006

I ei klok bok står det at ein ikkje skal “legge handa på plogen for å sjå seg attende”…

Eg har tenkt litt på det; kva som ligg mellom linjene i ei slik utsegn, og om det berre handlar om at det er klokast å sjå framover, og ikkje grave seg ned i nostalgi og gammalt grums. Ja, eg grunnar på det enno.

Mystisk lysFor min eigen del kjennest det som god terapi å ta seg ein pust i bakken og rekkje opp i det som har kome ein i møtest seinaste tida; få rydde opp litt, og få oversikt over kva ein eigentleg var med på. Heldigvis har eg lettast for å hugse dei lyse og glade hendingane best. Det viskar gjerne ut skuggane som måtte dukke opp.

… ja, bank i bordet: måtte den legninga følgje meg lenge.

Februar var ein månad med stor reiseaktivitet gjennom varierte landskap – og på fleire måtar. For vestlendingar er været alltid eit interessant tema, og februar var ein interessant månad på den måten også. Vår Herre sine lyssettingar har vore spenstige; sjå berre på bileta som vart knipsa ved Bjørkedalsvatnet i Volda.

SKRUK MED MUSIKALSK OG FARGERIK SAMARBEIDSHELG

SKRUK med musikalsk og fargerik samarbeidshelg

Andre helga i Februar har SKRUK ei av sine faste helge-samlingar.

Å vere saman med SKRUK plar vere eit lyft for både sjel og humør, og slik vart det denne samlinga også. Effektive øvingar på dagane og kreative innslag frå koristane på kveldane gav mykje lått og løye, og mykje song.

Mr. Carver Davenport og Mr. Ezekiel Williams kom eins ærend frå New Orleans for å drille SKRUK i spirituales og gospel, og Prots fekk sitje på skulebenken og vere student. – Herleg!!

Mr. Carver Davenport og Mr. Ezekiel Williams

“SOMMERLANDET”

Det andre høgdepunktet i Februar var oppføringa av Sommerlandet i regi av Kirkesangforbundet i Stavanger, og med songarar frå heile Rogaland. Tord Gustavsen, Mats Eilertsen og Knut Ålefjær var med på laget.

Nydelege tilbakemeldingar frå både publikumarar og songara viser til forskjellege typer sterke opplevingar i møtet med Sommerlandet.

Verket er skapt av Eyvind Skeie, komponist Galib Mamedov og Tord Gustavsen som har laga arrangementa.

BEIJING

Kva med dyne og trekk og laken i 100% silke

I dei ti siste dagane av Februar var det Beijing som var staden der det skjedde. Beijing i Februar kan vere ei kjøleg oppleving. Og kaldt måtte det kjennast for dei som hang, klatra og stod i stillasa på skyskraparane, som no fyk til vers i Beijing for å bli klar til OL.

Kinamat er annaleis i KinaMen trivelege gjensyn med fleire vener, og med nokre seine kveldar på byen gjorde at eg gløymde heile kulda.

På dagtid var det leiarkonferansen «Ledelse og kultur» i regi av KLM-Lahnstein som galdt.

Her følgde spennande førelesingar av professor Harald Knutsen, engasjert korsong og artige pianistiske innslag av Per Arild Skorgen, samt foredrag av Nickolas Smith og kona hans som er kinesisk. Dei lærde oss om kinesisk politikk, kultur og historie, og gjorde at dagane for som ein røyk.

Konferansen viste seg i det heile å bli svært vellukka, og KLM- Lahnstein er alt i planlegginga av ein liknande konferanse på Cuba til neste år.

På fritida var det sjølvsagt sightseeing, god mat og shopping med knallhard pruting.

Fake Rolex-klokker og goretex-jakker, ekte silke, praktfull emaljekunst og skreddersydde Kashmirgarderober vart med på heimreisa til Norge.

Besøket på ein silkefabrikk sette merke etter seg i lombøkene til nokre av oss.

Vel, eg vart seint ute med denne sida, og slik timeplanen ser ut dei to neste månadane kjem eg nok til å ligge etter kalenderen, men eg skal koma om ikkje so brått. No ser eg fram til Kulturmix i Peru, og å møte att Altiplano saman med mange gode kulturmixvener som ein har lært å kjenne etter kvart.

prots

PS: Beklagar skitpraten som hamna i gjesteboka mi no i mars . Den vart send frå ei svensk spamkjelde. Eg håper ikkje at det skremer nokon frå å kome med helsingar likevel.

Skrevet av Prots

Då er det hjul igjen

Volda Februar 2006

….eller rettare sagt på hjul igjen – i allefall for dei av oss som har ein pendlarjobb.

Solavågen, Januar 2006, bilde 2
1. nyttårsdag 2006 – forventningsfullt lys over Solavågen (foto prots m. mobiltelefon)

For min eigen del starta dette året mjukt med ein hyggeleg og framifrå velsmakande nyttårsfrukost heime hos våre gode vener på Lerstad Ketil og Paula. Deretter var første oppdrag i Sykkylven, berre 7 mil frå TV-stolen heime, og der det vart eit hyggeleg gjentreff med songarar frå Velledalen, Hundeidvik og Sykkylven.

KOR OG FYSIOTERAPI

Ei spennande utfordring, og eit artig møte var det å møte Privatpraktiserende Fysioterapeuters Gruppe (PFG) under deira samling på Geilo. Der var «overraskinga» for deltakarane eine kvelden at dei skulle vere med å danne eit kor, og innøve eit lite repertoar. Det vart faktisk eit overraskande bra musisk resultat. Og eg fekk høyre etterpå at korsong faktisk kan vere god fysioterapi. Artig.

NYTTÅRSKONSERT

Nyttårskonsert 2006
Nyttårskonsert i Stryn Kulturhus 14. januar 2006 (foto: Magne Bakke – montasje prots)

Under Sunnivakoret sine Nyttårskonsertar i Stryn og i Brein, vart det eit nytt og givande møte med Tricia (Teedy) Boutee og Ytre Suløen og to flotte konsertar saman med dei.

KINATREFF

Nokre aktive kulturmix deltakarar innviterte eine helga i januar til «Kina treff» i Oslo. Og folk stilte opp; dei kom reisande frå Alta, Bodø, Åheim, Farsund og Stavanger for å nemne nokre av dei mest langveisfarande. Det vart ein artig kveld for oss som var med på tur til Beijing sist haust. Der var lattermilde personlege vitnesbyrd om resultata av diverse gode kjøp som vart gjort, og diskusjonen gjekk høgt om kvaliteten på Lollex-klokker, råbillege dampstrykejarn og sveittande Gortexjakker. Ekte kina-mat og dikt, limerickar, videofilm og fotoalbumar gjorde sitt til ein retteleg triveleg nostalgi kveld. Stor takk til arrangementskomitéen.

VEGÅRSHEI

På vei mot jobb i Vegårdshei
På vei mot Vegårshei 27.jan 2006 (foto prots – mob.tlf)

Siste tur denne månaden var inn i vinterland og eventyrlys, til Vegårshei der nesten heile bygda står i kor, nemleg i koret Vegår Vocale.

Så då får ein vel sei at ein er ein gong att i det nye året.

Takk for alle helsingar til heimesida. Eg ventar stadig på fleire…

prots

Skrevet av Prots

Godt nytt år

Volda Januar 2006

Hallo alle gamle og nye venner der ute. Berre for å minne om det: Jula er over, og 2006 er i farta.

Og så ein liten advarsel for dette brevet: Eit nytt år vekkjer visse behov for utlufting og refleksjon, og eit lite attersyn over året som gjekk. For nokre av dykk kan dette sikkert verke litt privat. Men eg legg i veg likevel.

Bondalen

Det er alltid litt rart dette å møte eit nytt kalenderår. Ein stoppar motvillig opp, og blir litt gammalmodig og nostalgisk for eit stund – i alle fall blir eg det.

Tankane flyg, og sviv gjennom året som gjekk. Kva var det alt dette som kom ein i møte? For det forbi, eller tok ein det i mot? Hendingar og andlet dukkar opp frå år som har gått, og byger av gammal glede og gammal sorg, lengt og melankoli kan fare gjennom ein. Kvar er han no? Og kvar er ho? Kva gjer dei på? Er dei lik seg sjølve enno… er dei slik dei var? Og kva med meg sjølv og dei rundt meg? Er ein til stades i livet, eller “går ein berre att og skrømtar og spelar og syng so smått” (som min gode norsklærar Oscar kunne spørje)

Ja, byger kan kome og gå, og heldigvis kjem også straumar av glede: Eg har fått oppleve nok eit godt år. Ei god og tolmodig kone held enno ut med meg, og vi er velsigna med friske og livsglade “ungar” som no er blitt voksne. Ja, tenk: familien heng i hop enno, og vi er ved god helse.. fantastisk!! Dette er ikkje sjølvsagde ting, og det kan lett bli gløymt over ein bunke rekningar, eller over ein oppvask som skulle vore tatt i går.

Gode vener, spennande prosjekt og flotte opplevingar gjorde livet meiningsfullt i dette året som gjekk også. Det er kanskje ein klisjé å seie det, men tida synest å kome fortare år for år.
Heime hos oss har ungane floge or reiret no, og på tampen av året sit gamlingane og blar i bilder og minner etter tida som var.

Etter å ha passert dei 50, må ein sjølvsagt innsjå at ein ikkje er ung og lovande lenger. Likevel kan ein, med litt ekstra innsats bere ungdomen med seg – og i seg. Ved eit årsskifte trur eg faktisk at det kan vere sunt å leite fram att ungdomens optimistiske briller. Sjå, nye tider og nye muligheiter ligg framføre. Samtidig så vil det levde liv ein ber med i bagasjen minne ein om at ein skal vere glad og takksam for kvar velsigna dag ein får.

Året som gjekk let etter seg mange gode minner og 2005 har også skapt forventningar til året som kjem. Mi kjære kone Ingrid Marie starta sitt sabbatsår i august 2005, og har fleire jarn i elden enn nokon sinne. No er ho oppteken med kreative formingsprosjekt i stoff og fargar, og som songar og leiar i det flotte koret “Stemmebandet” held ho songen og administrasjonsevna ved like. Saman med nokre venninner har ho starta ein kultur- og “gourmet”-klubb med kunstutsillingar og spesielle matopplevingar på kaféen “Fru Svendsen” i Ørsta…

Vi hadde dessutan nokre fine turar saman i fjor.

CUBA

I slutten av Januar var vi på Cuba ei veke og besøkte vår eldste dotter Ida, som var der for å lære seg spansk – (no habla ho som ein innfødd)

Cuba

BON AIRE
Seinare på våren hadde vi nokre herlege fridagar på Bon Aire, ei lita øy i Caribia. Vi var då på vei til Ecuador og Peru for å gjere ein førturné for Kulturmix.

Bon Aire

ECUADOR og PERU

I Nasjonalteateret i Quito fekk vi oppleve ein fantastisk konsert med Altiplano og Coro Mixto.

Konsert i Ecuador

Sprengfullt i salen (900) og på alle dei fire galleria. På plazaen utanfor teateret var der ca 1000 menneske som fekk konserten direkte overført på storskjermar og med full PA-lyd.

I Peru fekk vi sleppe inn på eit utgravingsområde der dei har funne ein ny by i ørkenen.

Peru - Ecuador

SANGTIMEN PÅ KYPROS

I sommar hadde Nils Abrahamsen, og eg eit opplegg som vi kalla “Sangtimen”. Det var 14 dagar med sol og bading, scooterturar og song på Kypros. Det viste seg å fungere godt, og det slo så pass godt an at vi satsar på eit liknande opplegg no til sommeren igjen. Då blir det dei to siste vekene i Juli. Så er der nokon som er ineteressert, så kom igjenn! Bli med!

Den som er interessert kan melde si interesse på skjemaet som kjem opp når du klikker her på : “skjema”.

Blomsterstudie i Salamis

SKRUK, dette livgjevande fellesskapet, denne åndelege muskelbunten og gjengen av uhøgtidlege, seriøse personlegdomar gir meg stadig ny energi og ei kjensle av å ikkje ha fylt 30 år enno.

SKRUK i konsert under Festspillene Bergen 2003
Sjå fleire bilete frå SKRUK sine “kvite kvardagar” med å klikke her på: fleire bilder

I 2005 fylte Mikis Theodorakis 80 år, noko som vart behørig feira rundt omkring i mange land. Takka vere min gode venn Ingemar Rhedin, som jobba for Theodorakis på 70- og 80-talet, har eg ved eit par høve hatt det privilegium å få møte Mikis Theodorakis i heimen hans i Athen.

Mikis Theodorakis

Denne mannen er eit levande bevis på kva musikk og dikting kan gjere med- og for folk. Ein kveld hadde vi heile seks timar saman, og Mikis Theodorakis fortalde vitalt og levande om hendingar og opplevingar frå sitt spennande og dramatiske liv. Han fortalde om sine første komposisjonar, om korleis familien hans brukte å synge fleirstemt under måltida i barndomsheimen, og at han brukte å ta mora til sides for å øve med henne før måltida begynte. Då han var 12 år skreiv han sin første song for å utvide songrepertoaret til desse songstundene.

Han fortalde om sitt møte med tyske soldatar, som okkuperte heimen deira og tysk fangenskap under 2. verdenskrig og om korleis diktinga heldt motet opp i han.

Han spela utdrag frå operaer han har skrive, og han fortalde om sitt første møte med Fidel Castro på Cuba, og om den dårlege lufta i Havana som gav han alergiske reaksjonar. Han fortalde om ein kar som tilbaud seg å ta han med til fjella for at han skulle få oppleve den friske lufta på Cuba.
Denne vakre mannen vart hans guide i tre dagar, og han baud Mr. Theodorakis på hans første cigar. Mannen var Che Guevarra.

Han snakka om kor skuffa og provosert han var over Bush-regimet og deler av den vestlege verda sin invasjonen i Irak.

Det var eit sant eventyr å få møte denne kjempa og legenda på så nært hald. Takk til Ingemar Rhedin som gav meg denne muligheita.

ASERBAIDSJAN

I August fekk eg igjen høve til å besøke Aserbaidsjan, dette landet som eg er blitt så fasinert av.

Måltid i Aserbaidsjan

Berre dei som har opplevt det kan forstå kva Aserbaidsjansk gjestfriheit verkeleg er. I Baku fekk eg vere med på nedlegging av grunnsteinen til det som skal bli senteret for Mugam i Aserbaidsjan, eit flott bygg som skal reisast mitt i hovudstaden.

Saman med mine gode vener Siyavoush, Ilgard, Eitibar og Per Arild fekk eg besøke Lahych, og dei nydelege og gjestfrie folka som bur i denne gamle fjellbyen . Eg oppsøkte huset til den gamle Imamen i byen, og som eg hadde møtt og blitt glad i nokre år tidlegare. Han var alt då ein gamal mann og helsa hadde byrja å skrante. Det viste seg desverre at han var borte. Han døde for ca to år sidan, men eg fekk besøke huset hans, og eg fekk tatt ein prat og ein kopp te med sonen, som no var blitt overhovud i familien.

i Lahych

Som de kan sjå av bilder på fleire sider frå i fjor, så har Altiplano hatt ein sentral plass i mitt liv og virke i året som gjekk. Vi håper å få dei over til Norge dette året også, og kanskje blir dei med på neste Kulturmix til Kina igjen…. Ja, det blir tur til Kina igjen…. og det går an å hive seg med. Turen er planlagt å gå rundt haustferien, så er der nokon som ønskjer å vere med, eller er interessert i å ha meir opplysningar om turen, så klikk her på : “skjema” og fyll ut rubrikkane som kjem opp og trykk på “send”.

i Baku

No ser eg fram til nye korseminar, konsertar, Kulturmix-turar og spennande samtalar med gamle og ny kjenningar i 2006.

Eg må berre få rope det ut: eg elskar jobben eg har og eg elskar livet!

So får ein berre knipe att augene ein og annan gongen når ein ikkje kjem heilt i mål med alt som augo, og kanskje naboen ønskjer å sjå på plass.

Eg set som sagt stor pris på ei helsing i gjesteboka.

prots

Skrevet av Prots